lørdag 6. august 2011

Takk Gud for fargane




Takk Gud for fargane-

og mønstra i alt du har skapt.

Ein sommarfugl - eit ansikt -

hender som er merka av tunge tak.

Mønstera i steinane,

som er blitt flytta på av desse hendene.

Vakre broderi - skapt i kvileøktene.

Desse stundene som var med

å lyfte kvardagen opp frå det harde slitet.

Gleda over fargane og mønstera

utan å måtte gjere greie for

kvifor det er vakkert.

Kvifor formene passar saman.

Kvifor fargane passar saman.

Eller ikkje passar saman.

Det var berre vakkert.

Takk Gud for evna til å sjå - skape

og berre nyte.

Takk for evna til å glede seg over dei små detaljane.

Takk for at du har sett dine fargerike

puslebitar saman -

slik at vi berre må undre oss.




Skrevet av Berit, mamma, sept. 2005.